"Garmanns gate" - ei fasinerande barnebok
Forfattar Stian Hole. Foto: dagbladet.no
Om forfattaren
Stian Hole er ein norsk barnebokforfattar og illustratør. Han er vel kjend for sine utrulege illustrasjonar, og har teke i mot fleire prisar både for designen og det innhaldsmessige i bøkene sine. |
Bokas handling
Stian Hole skreiv i 2008 boka «Garmanns gate». Ho handlar om ein gut ved namn Garmann som bur i ei gate kor den store, sterke Roy regjerer. Alle høyrer på Roy, sjølv om han kjem med usanningar om mellom anna Frimerkemannen. Garmann samlar på plantar i herbariet sitt, noko Frimerkemannen har mykje av i hagen sin. Roy lurar Garmann til å tenne på ei fyrstikk mellom gras og blomstrar i Frimerkemannens hage. Det fører til ein brann som spreiar seg raskt, og Garmann gjer alt i si makt for å slokke han. Trass i dette forferdelege, endar det med at Garmann og Frimerkemannen blir nære venner som deler store og små undringar om livet. Kven passar boka for? Oppslaga i boka inneheld ikkje så mykje tekst, men setningane kan vere lange og har nokså mange fleirstavingsord. Dette kan gjere det vanskeleg for dei minste elevane å lese boka på eigen hand. Hole skriv på ein fargerik måte, noko som i seg sjølv gjer dette til ei spennande forteljing for både små og store. Når illustrasjonane i tillegg er detaljrike og levande, innbyr dette til å studere kvart oppslag lenge og nøye. Ein oppdagar stadig noko nytt i bileta. |
Alle bilete frå boka er tatt av meg.
|
Korleis kan ein bruke boka i undervisning?
Denne boka egnar seg kanskje først og fremst for barnetrinnet. Det er på grunn av tematikken med ein liten, nysgjerrig gut som undras over livet og er redd for store, streke gutar. Fleire elevar kan nok kjenne seg igjen i dette. På grunn av språket og nokså lange setningar i boka, vil eg no presentera ein måte ein kan bruke boka til høgtlesing og skriving på tredje eller fjerde trinn i skulen. Dette opplegget kan gå over ei veke, med ein skuletime kvar dag. Respons er ikkje teke med her, men er fult mogleg å leggje inn i forbinding med skriveoppgåvene. Boka kan lesast høgt av lærar, samtidig som oppslaga visast på storskjerm i klasserommet. På denne måten kan elevane følgje med i teksten, og også følgje handlinga i teksten på ein nærare måte. Hekneby (2011:66) fortel at «barn må få møte litteratur av høy kvalitet, bøker som engasjerer og utfordrer dem, og som gir dem lyst til å lese selv». Ein lærar som les høgt for elevane kan bidra til å auke deira lesemotivasjon. Læraren kan lese med innleving og ta pausar for å skape spenning. Slike ting fortel elevane at lesing er spennande og noko som er verdt å gjere. Innleiing Lærar viser fram boka og spør elevane kva dei tenkjer at den handlar om. Tittel og baksideteksten kan lesast høgt og ein kan snakke litt om kva fyrstesida fortel. Lærar seier kort kva boka handlar om, utan å røpe for mykje. Ho kan så lese dei to fyrste oppslaga, samstundes som elevane kikkar på bilete og følgjer med i teksten. Stopp opp, gå tilbake og avklar omgrep om nødvendig. Elevane skal no få ein skriveoppgåve som byggjer på følgjande kompetansemål frå den gjeldande læreplanen (Utdanningsdirektoratet, 2006): · skrive enkle fortellende, beskrivende og argumenterende tekster · lese, reflektere over og samtale om egne og andres tekster Læringsmålet her er at elevane skal kunne dikte opp personar som dei trur kunne budd i Garmanns gate. Kriteria kan då vere å finne på eit namn, kor gamal er denne personen, korleis ser han ut, kva likar ho eller han å gjere og korleis kjennar denne personen Garmann. Elevane skal svare i fullstendige setningar. Ein slik oppgåve krev at elevane tenkjer over kva dei no veit om Garmann og hans nabolag, i tillegg til å ta del i forteljinga med ein eigen karakter. Dagen etter kan tekstene framførast for heile klassen eller i grupper, før læraren les tre oppslag til i boka. Etter dette blir spørsmålet kva som skjer vidare med fyrstikka Garmann har tent i hagen til Frimerkemannen. Skriveoppgåva blir då: skriv kva du trur som skjer med fyrstikka. Kjem nokon og slokkar den eller kastar Garmann den på bakken. Lærar må her vere aktiv for å få elevane til å greie ut og kle på teksten sin. Ein kan då for eksempel spørje om dei trur det var nokon som så Garmann og Roy, kven kunne hjelpt Garmann, og korleis ville dei ha gjort det. Den tredje økta kan begynne med framføring av tekst i grupper eller for heile klassen. Vidare lesast det seks nye oppslag i boka. Det har no vert ein brann i Frimerkemannens hage, og elevane har fått vite litt meir om denne mannen. Oppgåva dei får no, er å teikne korleis dei trur det ser ut inne i Frimerkemannen sitt hus. Teikninga skal dei vise fram til kvarandre i grupper og munnleg forklare kva dei har teikna og kvifor dei trur Frimerkemannen har dette i huset sitt. Fjerde arbeidsøkt leser læraren fire nye oppslag. Elevane har no blitt kjent med fleire namn på blomster, og går saman i grupper og skal bruke internett for å finne ut korleis dei ser ut og skrive nokre faktasetningar om dei. Gruppene kan gjerne finne ein eller to blomstrar kvar, slik at dei etter på kan fortelje kvarandre kva dei har funne ut. Siste økt lesast dei resterande fem oppslaga for klassen. Elevane si oppgåve blir no å velje seg eit oppslag som dei skal sjå ekstra godt på. Dei skal skrive kva dei ser på oppslaget og kva dei meiner er fint, rart, ekkelt, spennande, morosamt og så vidare i illustrasjonane. Desse tekstane kan til saman danne grunnlag for ein bokrapport som med litt omarbeiding, for eksempel kan gis til biblioteket. Elevane kan då kjenne at det dei har jobba med, vil kunne vere til nytte for nokon andre. Kjelder Hekneby, G. (2011): Skrive - Lese - Skrive. Oslo: Universitetsforlaget. Utdanningsdirektoratet (2006): Læreplan i norsk. Finst her. |
Andre bøker av Stian HoleDen gamle mannen og hvalen (2005)
Garmanns sommer (2006) Garmanns hemmelighet (2010) Annas himmel (2013) snl.no /Cappelen Damm |